Ola Perry Saure (Sp) stilte spørsmålet i formannskapet tysdag då oppstarten av arbeidet med «Strategisk plan for kompetanse og rekruttering for Ørsta kommune» skulle få klarsignal.

Eit samrøystes formannskap sa då også ja, men ikkje utan motførestellingar.

– Kva er det eigentleg vi spør om her? Er det korleis vi skal få tak i planleggjarar til kommunane, og korleis få dei til å akseptere eit anna lønsnivå enn det dei vil få i oljesektoren? Undra varaordførar Paul Kristian Hovden.

Medan Ola Perry Saure altså sukka «Ikkje endå ein plan».

– Vi har masse planar. Vi må tenkje gjennom nytten av desse også, og at vi ikkje berre lagar ein plan med sjølvfølgjelegheiter, sa Saure.

Ordførar Rune Hovde (H) syntest det var heilt greitt at spørsmåla vart stilte.

– For det er klart at vi brukar ressursar på eit slikt planarbeid, og er det ressursar vi vil ha igjen ein pluss på? Undra Hovde.

Rådmann Wenche Solheim skjøna innvendingane, og ho minte om at det er viktig at politikarane er grundige i den årlege revisjonen av planstrategien.

– For det er her vi seier kva planar vi skal arbeide med. Då må vi heller ikkje få tvitydige politiske signal, som då kommunestyret bad om ein eigen likestillingsplan, sa Solheim.

Ho forsvarte at planen for kompetanse og rekruttering vart laga.

– Det er til dømes viktig å få kartlagt kompetansen vi har i eigen organisasjon. Kan vi her finne leiartalent vi kan lære opp. Vi ser m.a. kor vanskeleg det er å finne rektorar, sa Solheim.