Ein 13 fot lang trebåt/færing har forsvunne frå eit utfar rett nedanfor Vartdal plastindustri på Søre-Vartdal ein av dei siste dagane, melder Sunnmøre politidistrikt på Twitter.

Mest truleg har den slite seg frå fortøyningane og eigar lurer på om nokon har sett den i løpet av dei siste dagane. Politiet tek imot tips på tlf. 02800.