Ørsta har hatt langt fleire viltpåkøyrslar dei siste 10 åra enn dei andre kommunane på søre Sunnmøre. Det viser tal frå Finans Norge.

Ifølgje statistikken er det meldt 130 skadar i Ørsta etter kollisjonar mellom bilar og vilt dei siste 10 åra. Til samanlikning er det meldt 49 skadar i Volda, 28 i Hareid, 24 i Ulstein, 22 i Herøy, 23 i Sande og 83 skadar i Vanylven.

Høgsesong

Ifølgje informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige er hausten og vinteren høgsesong for kollisjonar mellom bilar og vilt.

– Talet på kollisjonar går markant opp i oktober, samtidig med at jaktsesongen har starta, seier han i ei pressemelding.

Til saman har det vore 4.386 melde samanstøyar mellom bilar og vilt i Møre og Romsdal dei siste 10 åra. Dei har resultert i forsikringsutbetalingar på til saman 89 millionar kroner.

– Demp farten

Ifølgje Voll fører kollisjonar mellom bilar og store dyr, som til dømes hjort, ofte til personskadar. Særleg når farten er over 80 kilometer i timen.

– Demp farten, særleg i grålysninga og skumringa, og der det er vegetasjon nær vegen, er rådet frå han. Han ber også folk ta omsyn der det står skilt som varslar om dyr i vegbanen.

Dersom ein kolliderer med eit dyr, skal ein sikre skadestaden og hjelpe skadde personar først. Deretter skal ein varsle politiet. Skadar som følgje av kollisjonar med vilt er dekt av kaskoforsikringa og fører ikkje til tap av bonus.