Formannskapsmedlem Jostein O. Mo synest det er leitt at kommunen ikkje medverkar økonomisk for å realisere nytt idrettsanlegg på Vartdal. Tysdag tilrådde eit samrøystes formannskap at kommune sikrar grunn til nytt idrettsanlegg for VTIL på Vartdal gjennom ei oreigning. Men det er Vartdal TIL som skal betale for oreigninga.

– Ei offentleg oppgåve

Jostein O. Mo (Ap) var samd i tilrådinga, men prinsipielt meinte han den kommunale innsatsen burde ha vore større.

– Eg støttar tilrådinga om oreigning, for det er ikkje tvil om at dette er meir til gagn enn til skade. Men vi skal vere klar over at vi her ber frivillige om å gjere noko som eigentleg er ei offentleg oppgåve. På Austlandet er det vanleg at det offentlege bygg og driv anlegget, og at den frivillige idretten driv aktiviteten. Eg synest ikkje det er kjekt å vere med på å belaste eit idrettslag med så store kostnader. Vi skal ikkje vere glade for at Vartdal TIL gjer dette på vegner av kommunen. Vi må følgje opp, og hjelpe VTIL seinare, sa Mo.

Dei tre A-ane

Ordførar Rune Hovde var ikkje direkte usamd med Mo, men åtvara mot ei haldning om at det offentlege skal gjere alt.

– Eg er glad for at eldsjeler engasjerer seg i frivillig arbeid. Det er bra for kommunen at vi har slike folk som tek tak. Eg trur ikkje oreigningssaka vert ei belastning for dei. Eg meiner at det ikkje er alt det offentlege skal drive med, sa Hovde.

I idretten snakkar vi om dei tre «A-ane». Det er areal, anlegg og aktivitet. Der er det ei gjengsoppfatning om at det offentlege syter for areal og anlegg, og at idretten og det frivillige tek seg av det som er deira hovudoppgåve, aktivitet, sa Mo.

Jostein O. Mo, her saman med Ingvill Aasen. Foto: Rune Sæbønes