Ørsta og Volda har fått tildelt 300.000 kroner til eit byutviklingsprosjekt. Pengane, som kjem frå dei regionale utviklingsmidlane til fylkeskommunen,skal gå til eit førprosjekt som skal bane vegen for at Ørsta og Volda kan delta i Byregionprogrammet.

Førprosjektet skal kartlegge byregionen sine flaskehalsar og moglegheiter til økonomisk vekst.

Deltaking i Byregionprogrammet skal føre til at Ørsta og Volda utviklar seg vidare som den fjerde byen i fylket.

– Vi er i realiteten den fjerde byen i Møre og Romsdal, seier ordførarane Arild Iversen i Volda og Rune Hovde i Ørsta i ei pressemelding.

Ifølgje søknadsdokument ønskjer  kommunane på at ein status som den fjerde byen i Møre og Romsdal skal sikre at institusjonar som høgskulen, sjukehuset og domstolen ligg i Volda også i framtida.

Kommunane søkte opphavleg om 500.000 kroner i byutvikling. Fylkeskommunen meiner likevel at mykje relevant dokumentasjon er tilgjengeleg frå før, og reduserte difor beløpet til 300.000 kroner.

Det er ikkje eit vilkår at ein er ein samanhengande by for å vere med i byregionprogrammet. Vilkåret er at ein har byfunksjonar som omlandet nyttar seg av.

Det kjem truleg fleire detaljar om planane når ordførarane held pressemøte om temaet onsdag.