– Vi har hatt eit beredskapsmøte om dette no, og lekkasjen får ingen konsekvensar for meieriet i Ørsta, verken i form av overføring av produksjon eller andre ting,  opplyser pressevakt Øystein Syrstad i Tine til Møre-Nytt.

Ammoniakklekkasje

Tysdag morgon oppstod det ein ammoniakklekkasje ved Tine sitt anlegg i Ålesund. To personar var i direkte kontakt med den farlege gassen, medan seks andre har pusta han inn, opplyser politiet til smp.no.

Ingen personar er kritisk skadde som følgje av ulykka. Lekkasjen vart stansa etter kort tid.

Delar av Ålesund var sperra av som følgje av lekkasjen, men sperringane vart løfta rundt klokka 09.30. Ulykka har likevel medført lange køar i morgonrushet.

Går ikkje utover produksjonen

Tine opplyser at ulykka ikkje får konsekvensar for produkta deira.

– Nei, det blir verken forseinkingar eller fare for ammoniakk i produkta som følgje av dette. Gasslekkasjen var langt frå produksjonsanlegget, og produksjonen kjem i gang igjen så snart anlegget er reinsa, seier Syrstad.

Tine-meieriet i Ålesund produserer mellom anna konsummjølk, dessertar og smaksette drikkar, medan Ørsta-meieriet produserer ost.