Fleire innbyggjarar på Lauvstad har gått saman om eit brev til Møre og Romsdal fylkeskommune. Der bed dei kommunen legge vekk saka der det vert vurdert ny ferjekai på Eikrem, i staden for i Volda sentrum.

Dette er urealistisk å få til. Det vil gi oss ein lang og kronglete veg for å kome oss til sentrum, med større transportkostnader. Dei som reiser vil verte avhengig av å ta med bil, skriv dei, og seier at Lauvstad er ein sentral og attraktiv stad å bu nettopp fordi dei har ferja som går til Volda sentrum.

– Dersom det skal verte jobba for noko må det vere bru over fjorden, noko som er mykje meir framtidsretta enn å bruke mange pengar på ei ny ferjekai som svært mange ikkje ønskjer, skriv dei i brevet som er signer av 13 personar frå Vestsida.

Mange innbyggjarar på Lauvstad vil at ferja framleis skal gå til Volda sentrum (bildet) og ikkje verte flytta til Eikrem.