Måndag morgon samla kriseleiinga i Ørsta kommune seg på rådhuset. Scenarioet: Ei stor bussulykke ved Rindane på Bjørke. Ingen er omkomne eller alvorleg skadde, men korleis skal kommunen ta seg av folkehøgskuleungdomane på bussen?

Denne gongen var det berre ei øving, men erfaringa har vist at god leiing frå kommunen si side er viktig i krisesituasjonar.

– Sist vi sette kriseleiing var då det gjekk ras på Vartdal og på Vatne i fjor. Under ei skrivebordsøving som dette, er det mest diskusjon om kor gode planane våre er, korleis og i kva rekkjefølgje ting bør bli gjort. I ein reell situasjon blir avgjerdene tekne langt raskare, seier ordførar Rune Hovde, som leia krisegruppa.

Øvinga, med det treffande namnet «Øving Fårikål», er organisert av Fylkesmannen.