– Eg vil anbefale desse kommunane å ikkje blande inn andre kommunar i fusjonen. Det vil komplisere prosessen veldig, seier kommuneekspert Geir Vinsand i NIVI Analyse til NRK Møre og Romsdal.

Vinsand seier til NRK at ein må starte med dei viktigaste samanslåingskandidatane, så får heller andre kommunar melde seg på etter kvart.

Ein storkommune for heile Søre Sunnmøre har han ikkje trua på med det første.

– Det skal mykje til for å lykkast med ein slik fusjon. Det fører med seg mange spenningar mellom kyst og innland og mellom mange kommunar. Ein så stor kommunedannelse har vi ikkje hatt før, seier han.

Han presiserer at ei stor samanslåing kan vere ein spennande tanke på sikt.

Han synest heller ikkje ei samanslåing med Nordfjord-kommunane Stryn og Hornindal er særleg interessant.

– Det er meir interessant å lage ein regionkommune i Nordfjord, seier han til NRK.