– Vi har gjennomført Noregs raskaste bulystprosjekt, seier prosjektleiar Ragna Ørstavik.

Ho har vore prosjektleiar for StudiebygdA, samarbeidsprosjektet som har hatt som mål å styrke Volda si rolle i regionen.

Sjølv om det er for tidleg å sjå resultat av prosjektet i busetnadsstatistikken, meiner Ørstavik at ein har fått til mykje på dei litt under to åra som har gått sidan ho vart tilsett.

– Vi har etablert studiebygda.no som ein felles portal for dei som ønskjer meir informasjon om Volda og kanskje vil busetje seg her. Eit sentrumsutviklingsprosjekt for Volda har også vorte fødd ut av StudiebygdA. Det har mellom anna resultert i møtestaden «Snippholmen» i sentrum, seier ho.

I tillegg har StudiebygdA jobba for å gjere forholda betre for dei som ønskjer å etablere bedrifter i Volda.

Ny samarbeidsavtale

Lista over partane i samarbeidet er lang: Volda kommune, Studenttinget i Volda, Volda Næringsforum, Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Volda Frivilligsentral, Sunnmøre Kulturnæringshage og Møre og Romsdal fylkeskommune er alle delaktige i StudiebygdA.

Sjølv om sjølve prosjektet no er sluttført, vil alle partnarane vere med vidare. Difor signerte dei måndag ein partnarskapsavtale som formaliserer det vidare arbeidet.

Høgskulen skal drive studiebygda.no vidare, men alle partnarane skal levere stoff til sida.

Ordførar Arild Iversen takka Ragna Ørstavik for innsatsen.

– Ho har lagt bak seg ei hektisk tid, og vi har fått eit resultat vi kan vere stolte av.

Vil sjå utover Volda

I utgangspunktet såg Volda kommune føre seg å inkludere alle kommunane på søre Sunnmøre i prosjektet.

– Men departementet ønskte at vi spissa prosjektet, og difor valde vi å konsentrere oss om vår eigen kommune. Men i det vidare løpet er det naturleg at vi også ser mot nabokommunane i arbeidet med StudiebygdA, seier Iversen.

Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda er samd.

– Det er openbart at høgskulen er viktig for til dømes Ørsta kommune, og Ørsta er viktig for høgskulen. Når kommunane også veks stadig tettare saman, er det naturleg å sjå den vegen, seier han.

Takka: Ragna Ørstavik fekk takk blomar og bok som for innsatsen som prosjektleiar for StudiebygdA av ordførar Iversen.