- Det er ikkje muleg for oss å drive vidare, seier eigar Berit Larsen. Ho har drive puben saman med ektemannen Kjell Larsen sidan starten av februar 2009. Men no er det altså slutt.

- Eg ønskjer ikkje å seie noko om bakgrunnen for at vi no legg ned drifta, seier Berit Larsen.

Trist

Søndag var siste opningsdagen, og Larsen fortel at dei hadde godt med besøk.

- Folk seier at dei synest det er veldig trist at vi legg ned. Det synest eg også, men det er vanskeleg å gjere noko med. Det er umuleg for oss å drive vidare. Eg ønskjer sjølvsagt også vidare drift, og dersom nokon ønskjer å leige eller kjøpe puben, så er det mulegheiter for det.