- Tor dundra veldig i Dalsfjorden fredag kveld. Det var berre å nappe ut støpsel og ta kvelden offline, inntil dette lynet slo ut jordfeilbryteren også, kommenterer Jan Olav Løset på Møre-Nytt si Facebookside, og legg ved biletet som viser heftig torevêr utanfor stoveglaset.

Ekstraordinært

Og det er visst ingen grunn til å tru at lynaktiviteten skal roe seg. NRK Møre og Romsdal har snakka med forskar Frank Haftor Dahlslett ved Sintef Energi AS. Han fortel at dei har registrert nesten 18.000 lyn langs norskekysten frå fredag morgon til laurdag kveld.

Det er uvanleg mykje, ifølgje Dahlslett, som kallar 2014 for eit ekstraordinært år.

Sintef-forskaren seier til NRK at det hittil i år er registrert 550.000 lyn. Det er 4–5 gongar så mange lyn som eit heilt år tidlegare. Delvis skuldast dette nytt utstyr og betre registrering, men også det varme vêret spelar ei rolle. Kombinasjonen fuktig luft og varm bakke gir ofte lyn.

Og skal vi tru Sintef-forskaren må nordmenn flest bu seg på å sjå fleire lyn i åra framover. Han seier til NRK at mykje tyder på at vi får eit våtare og varmare ver, og at det truleg vil gje fleire lyn.