Kommunestyret i Volda har gitt fritak frå kravet om eigedomsskatt til Kometland, Furene AS og til Sjur Aarflot som eig eit hus av historisk verdi på Nedre Ekset.

Kometland, som vert drive av Knut B. Aarseth, skulle i utgangspunktet ikkje få fritak, ifølgje administrasjonen, men politikarane meiner senteret er eit fellesgode i Voldasamfunnet, og dei gjekk difor for fritak.

Knut B. Aarseth seier også sjølv at senteret ikkje har inntekter av betydning, og at dei personlege utgiftene med å realisere senteret har vore veldig store.

Furene

Furene AS er ei bedrift eigd av Handikapforbundet, fylkeskommunen og omkringliggande kommunar. Bedrifta sin intensjon er på forretningsmessig basis å legge til rette for personleg utvikling gjennom opplæring og kvalifisering.

I følgje vedtektene skal det ikkje betalast utbyte til aksjonærane, men der eit eventuelt overskot går med til styrking og vidareutvikling av selskapet.

Dette gjer at Furene AS kan få fritak.

Eigedomskatten for Furene AS sine eigedomar er til saman kr 63.278 i 2014.