Det sa Stein Aam(Sp) då samfunnsutvalet tysdag samrøystes presiserte at den nye fasaden på Nordea-bygningen bør kome i lyse fargar.

Samfunnsutvalet vil nemleg relansere ideen om at Ørsta skal vere den kvite byen. Det skjedde fyrste gong i 1999 i samband med tettstadsanalysen som kom då.

Men så kom søknaden om å byggje Ørsta Amfi, og då vart planane godkjende, utan at det var så mykje kvitt på fasaden.

Dette vil Aam og dei andre medlemmene i samfunnsutvalet no gjere noko med.

Arkitektkonkurranse

- Når vi skal snakke med arkitektane som skal vere med i arkitektkonkurransen for Ørsta, må vi få fram at vi ynskjer å få fram den kvite byen, sa Aam, og peika på bygningane i Strandgata som gode døme.

Samfunnsutvalet sa ja til at Ivar Aasen-gata 10 AS får byggje på Nordea-bygningen med to etasjar til, men presiserer altså at fasaden bør vere lys.