Møre-Nytt har vore i kontakt med Kristin Rødven Eide frå Eid. Ho var ute på ein geocaching-turne måndag kveld, og skulle geocache padda på Fyrde.

- Då eg kom dit, var der to motorsyklistar som heldt på, og eg ville vente til dei var ferdige, og køyrde meg difor ein liten tur. Då eg kom tilbake, var tre ungdommar komn til padda, og eg ville vente til dei også var ferdige. Men det drog såpass ut i tid, at eg reiste min veg. Då var klokka litt over 19.30, fortel Rødven Eide, og reknar med at dei tre ungdommane kan vere viktige vitne.

Møre-Nytt får opplyst at ungdomane forlot paddeparken omlag klokka 20.00. Då var padda i fin stand. Tagginga må altså ha skjedd seinare på kveld eller i løpet av natta.