Endå ein gong skal funksjonsfordelinga mellom sjukehusa på Sunnmøre opp til diskusjon.

– Nord i fylket ventar dei at vi grip fatt i funksjonsfordelinga på Sunnmøre, slik at det ikkje berre vert Nordmøre og Romsdal som må gjere grep for å få budsjettet i balanse, sa administrerande direktør, Astrid Eidsvik, under styremøtet i helseføretaket måndag.

Underskot

Det var lite hyggjeleg lesnad styrerepresentantane fekk. I år er innsparingane på over 87 millionar kroner. I løpet av dei seks neste åra må helseføretaket spare 335 millionar.

Ved utgangen av august har dei også eit underskot på 66,5 millionar kroner.

Samstundes skal dei bygge eit nytt felles sjukehus for Kristiansund og Molde til ein pris av fire milliardar kroner. Dette skal stå klart innan 2021.

Helseplan

For Volda sjukehus har mangelen på pengar i helseføretaket vorte ein kamp om å få behalde viktige funksjonar.

Seinast i desember i fjor varsla Eidsvik at det kunne verte aktuelt å legge ned akuttkirurgien i Volda. Dette vart det sett ein stoppar for fordi regjeringserklæringa seier at helseføretaka ikkje kan legge fram endringar i akutt- og fødetilbod i samband med budsjettarbeid.

Endringar skal berre vere fagleg grunngitt, ikkje økonomisk. Og helseføretaka vart også bedne om å vente til den nasjonale helse- og sjukehusplanen ligg føre. Den kjem hausten 2015.

Men noko freding av funksjonane vart det ikkje lova, og no ser ikkje Eidsvik andre utvegar enn å igjen sjå på funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i fylket.

– Vi har hatt besøk av departementet, og ingenting tyder på at vi får noko draghjelp i forhold til dei problemstillingane vi står overfor. Å vente til planen kjem hausten 2015 vert berre ei sovepute for oss, seier ho.

Større einingar

På møtet vart det også snakka om å slå saman mindre sengepostar til større einingar for å kunne spare pengar. Tal viser nemleg at Helse Møre og Romsdal har fleire tilsette og fleire senger per innbyggjar enn gjennomsnittet for landet.

– Vi må ha ei heilt anna utnyttingsgrad av sengekapasiteten vår, og vi må samle den i større grad, varsla Eidsvik.

– Det handlar ikkje om at personale skal springe fortare, men korleis vi organiserer ressursane våre på best muleg måte. Det må vi ha fokus på framover.

Nestleiar i styret, Petter Bjørdal, stilte spørsmål ved om når konsekvensane i form av funksjonsfordelinga ville ligge føre. Det kunne ikkje styreleiar Stein Kinserdal svare på. I november skal det meste av budsjettet for neste år vere klart. I desember skal styret bestemme seg for kvar det nye sjukehuset på Nordmøre og Romsdal skal ligge.

– Og i januarmøtet skal vi sette foten i bakken og sjå kva som skjer etter vedtaket vi gjer om nytt sjukehus. Vi må ta eitt skritt i gongen. Legg vi fram ein fasit alt i januar kan vi fort trakke feil, sa Kinserdal.