Ein mann som er innom Møre-Nytt fortel at han har vore nokre turar forbi Vartdalsstranda, og at det ligg gamle busker og kratt att i grøftene.

- Nokre stader ligg det halvt ute i vegen. Kjem det ei vindkule kan vi få det midt i fleisen og i frontruta på bilane. Det kan fort oppstå farlege situasjonar, seier han.

Han er glad for at vegvesenet ordnar med kantklipping, men hadde sett pris på at dei også rydda opp etter seg.

Fleire har observert det same.

Jarle Bratheim fortel at det for ei tid tilbake vart rydda langs hovudvegen på Vartdalsstranda og på vegen innover Hjørundfjordstranda.

- Eg og mange eg har snakka med lurer på om denne kvisten skal verte liggande. Det ser stygt ut, og det er trafikkfarleg om det bles fram i vegen, seier han.

Skal ordne opp

Ivar Hol i Statens vegvesen er samd med dei to herrane.

- Nei, slik skal det ikkje vere. Vi har ein frist på ein veke på at slikt skal vere fjerna. I første omgang fjernar dei kvistar og slikt, så skal dei tilbake for å fjerne busker og kratt. Det er nok berre det at dei skal klippe ferdig og samle opp alt på ein gong, trur Hol.