Den nye Rema 1000-butikken i Ørsta er bygd tett opp til malen som kjeda ynskjer på sine butikkar. Ein straumlineforma butikk med rette liner og ingen søyler skal gjere det enkelt både for tilsette og kundar, og kjøpmann Herman Vatne gler seg til å opne butikkdørene torsdag morgon.

– Vi er veldig godt i rute til butikkopninga. Vi har ei salsflate på 1000 kvm i tillegg til eit fryserom på vel 70 kvm, og vi har god plass. Det er vanskeleg å beskrive kor mykje vi gler oss til opne, forventningane er kolossale og vi er veldig stolte av butikken vi har fått opp her, seier Vatne.

Berre detaljar att

Då Møre-Nytt vitja den nye butikken måndag føremiddag var det hektisk aktivitet, men det er berre detaljar som står att før prosjektet er ferdigstilt.

– Alt er opplina og enkelt, og det er rett og slett bygd for å vere butikk. Alle funksjonar er planlagd frå starta av, og alt ligg i nærleiken av der ting skal skje. Det vert enkelt for kundane å finne varene, og handleopplevinga skal vere god.

– Det eitt hakk eller to opp frå gamlebutikken?

– Det vert ei mil opp. Vi har m.a. fått ei veldig stor fryseavdelinga som vi er veldig godt nøgde med, seier Vatne.

– Opnar tre månader tidlegare enn planlagt

Byggeprosessen byrja i fjor haust, og med ein god vinter og sommar står den nye butikken klar mykje tidlegare enn planlagt.

– Byggjetida har vore kort. Alt har vore godt planlagt og arbeidet har gått på skinner. Vi flyttar inn tre månader tidlegare enn det som var planlagt, men prosessen fram til vi fekk lov til å byggje tok ein del tid.

– No står det berre att å ynskje kundane velkomne på torsdag?

– Det er det, og dei er hjarteleg velkomne, seier Vatne.

Vil nytte same teikningane i Bergen

Det er Rema Eigedom Vest som står bak Rema sitt nybygg på Ose. Selskapet er godt nøgde med sluttproduktet, og når dei no skal i gang med å byggje to butikkar i Bergen vil dei bruke dei same teikningane som er nytta i Ørsta.