– Svaret frå statsråden var nedslåande, eg trur eg må bruke det ordet, seier ordførar Arild Iversen (KrF) i Volda til Møre-Nytt.

Tidlegare denne månaden kom det fram at fotballgruppa til Volda turn- og idrettslag (VTI Fotball) ser ut til å gå på ein millionsmell. Idrettslaget søkte om momskompensasjon frå staten, og forventa å få tilbake heile momsbeløpet.

Overraskinga var stor då staten melde tilbake at dei berre ville refundere halve beløpet. Dermed sprekk budsjettet til VTI Fotball med 0,9 millionar kroner.

– Momskompensasjon utgjer ein viktig del av finansieringa av Mørehallen, og dette påfører VTI Fotball store renteutgifter fram til spelemidlane blir utbetalte, sa idrettslaget då det vart klart at pengane frå staten ikkje kjem.

Kravde svar frå ministeren

Etter oppmoding frå Iversen, stilte stortingsrepresentant Hans Olav Syversen (KrF) spørsmålet vidare til kulturminister Thorhild Widvey (H). Han ville vite om ein kan rekne med å få full momskompensasjon neste år, og om etterslepet frå i år kan bli utbetalt.

Kulturministeren svarer at den samla ramma for utbetalinga vart auka med 10 millionar til 65,8 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett. Men når det var søkt om 114 millionar kroner i kompensasjon, strekte ikkje pengane til. Då vart løysinga å kutte i beløpa:

«Det går fram av bestemmelsene for kompensasjonsordningen at dersom bevilgningen ikke rekker til full kompensasjon, blir det lik prosentvis avkortning for alle de godkjente søknadene. Dette har vært tydelig kommunisert fra departementet,» skriv statsråden.

Vil kjempe vidare

– Eg hadde forventa eit meir positivt svar. I Volda har vi fått til skiskyttarstadion, sjøsportanlegg, Mørehallen og skatepark gjennom samarbeid mellom kommunen, frivillig sektor og næringslivet. Så dette fungerer. Men vi er avhengige av meir føreseielege vilkår frå staten si side, seier Iversen Han lovar å ta saka vidare, og prøve å få til ei løysing.

– Restbeløpet kan eventuelt utbetalast neste år. Om det blir for dyrt, må staten bestemme ein fast andel som blir kompensert. Det hadde vore enklare og meir føreseieleg for idrettslaga.

Dette fungerer. Men vi er avhengige av føreseielege vilkår frå staten