Statsadvokatane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane har teke ut tiltale mot ein mann i 40-åra busett på Søre Sunnmøre. Mannen, som arbeidde ved ein skule, skal ha brukt makt og truga seg til samleie med ein elev som på det aktuelle tidspunktet var under 14 år.

Ifølgje tiltalen skal hendinga ha skjedd på skulen. I tillegg er mannen tiltalt for å vere seksuelt krenkande overfor den same eleven. Overfor ein annan elev, også under 16 år, er mannen tiltalt for uanstendig åtferd. Dei ulike hendingane som mannen er tiltalt for skal ha skjedd i tidsrommet november 2012 og fram til og med februar 2014.

Til Sunnmørsposten seier statsadvokat Magne Nyborg at den tiltalte mannen ikkje lenger fungerer som lærar, og at dei ser svært alvorleg på saka.

Mannen er tiltalt etter Straffelova sine paragrafar 192, 195 og 201. Både paragraf 192 og 195 har ei strafferamme på inntil 21 år i fengsel om visse vilkår er oppfylt.

Det er sett av tre dagar til saka i Søre Sunnmøre tingrett i byrjinga av januar 2015.