Som einaste kommune i Møre og Romsdal har Volda teke del i den europeiske mobilitetsveka. Oppstarten for mobilitetsveka var førre tysdag, og måndag vart avslutninga på veka markert ved Volda sjukehus. Representantar frå kommunen, sjukehuset og politiet møtte opp og delte ut refleksar, drikkeutstyr og sykkelklokker til dei som hadde valt å ta seg på jobb til fots eller på sykkel.

– I dag er det siste dagen, og vi avsluttar med bilfri dag. Vi synest at dette var viktig å vere med på fordi at Volda kommune i veldig mange år profilert seg som ei folkehelsekommune, og som faktisk vert lagt merke til nasjonalt. Vi er og med i folkehelsenettverket Sunne kommunar, seier ordførar Arild Iversen.

Tanken bak deltakinga er å oppmuntre voldingane til litt refleksjon rundt om dei kan gå, sykle eller nytte kollektivtransport når dei skal reise litt lenger.

– Eg trur alle saman køyrer meir bil enn kanskje vi strengt tatt treng på korte avstandar. Så er her spreke folk som går og syklar over alt, og vi ynskjer å vende oss til gjennomsnitts voldingen.

To av dei som vart premierte måndag var Trygve Hovdenakk og Magnhild Vatn som kom syklande frå Ørsta.

– Vi syklar ikkje kvar dag til jobb, men vi gjer det fleire dagar i veka. Grunnen til at vi gjer det er trimmen, seier Vatn.

– Det er også kjekt, og ein bra start på dagen, legg Hovdenakk til som syklar frå Hovdenakken og til sjukehuset.

Kollegaene starta syklinga i mars. Dei møtast ved Ose camping i Ørsta, og brukar rundt ein halvtime på sykkelturen til Volda sjukehus.

– Vi har ikkje konkurransesykling, og det er kanskje det viktigaste.