Sommaren klora seg fast på søre Sunnmøre heilt til godt ut i  denne veka. Men i helga tok det brått slutt.

T-skjorte-vêret vart bytta ut med sunnmørsregn av den gode, gamle sorten.

Vinteren viste seg

Søndag viste til og med Kong Vinter seg i Hjørundfjord-fjella. Meteoroogisk Institutt varsla snø ned til tusen meter. Det stemte bra med bilda Møre-Nytt sin utsende tok av Storhornet ved Sæbø søndag ettermiddag.

Regnet og snøen ser ut til å lette utover veka. Det blir nokre regnbyger, men dei blir ikkje like intense som i helga. Når det nærmar seg helg igjen, ser det likevel ut til at striregnet kjem tilbake. Fredag ser ut til å bli ein særleg regnfull dag.

Nattefrost

Dagtemperaturane vil ligge rundt 10 grader, medan det kan bli ned mot 3-4 varmegrader på netter og tidlege morgonar. Meteorologisk institutt melder at det er fare for nattefrost både på Vestlandet og i Trøndelag i starten av veka.

– No er det på tide å leite fram isskrapa, skriv Yr på Twitter.

Det var kome tydelege spor av vinter på Storhornet (1358 moh.) på Sæbø søndag ettermiddag. Foto: Rune Sæbønes