Torsdag denne veka fekk Gladys Helen Vatne frå Ørsta auge på den vesle krabaten i ei skråning i Volda.

– Det var hunden min som fann piggsvinet. Eg såg at det ikkje var i form, så eg bestemte meg for å ta det med heim, seier Gladys til Møre-Nytt.

Sidan har piggsvinet, som har fått namnet «Bolla», hatt tilhald på badegolvet heime hos Gladys.

– Det veg berre litt over 400 gram, og skulle vore i hi no. Ifølgje ekspertane skal piggsvin vege rundt 900 gram når dei går i hi. Så det hadde truleg ikkje overlevd vinteren.

Får kattemat

Gladys, som er oppteken av dyrevelferd, har vore i kontakt med både veterinær og Pinnsvinhjelpen, i tillegg til andre med kunnskap om arten.

– Eg har fått informasjon om korleis eg skal ta vare på det. Eg har gitt det fukta kattemat, men det et ikkje så mykje. Først gjekk det opp nokre gram i vekt, men så har det gått ned igjen. Men eg håper det skal legge på seg etter kvart, seier Gladys.

Ho har sjekka om dyret har sjukdommar, men det viser seg at det berre er underernært.

Freda

Piggsvinet er totalfreda i Norge, og i eit piggsvinkull er det ofte mange ungar som ikkje klarer seg.

Ifølgje Pinnsvinhjelpen hender det ofte at yngre dyr ikkje får i seg nok mat før vinteren. Då legg dei dei seg gjerne rett ned på til dømes plenar, gangvegar og veggrøfter, og sovnar.

– Finn ein slike dyr, må ein straks ta dei med inn og vekke dei, heiter det på nettsidene til Pinnsvinhjelpen.

Det er svært viktig å ikkje gi mjølk til dyra.

– Det er sikkert Prøysen-visa om «Bolla Pinnsvin» som gjer at mange trur ein skal gjere det. Men dei toler ikkje laktose, og kan døy av mjølk, seier Gladys.

Skal overvintre

Pinnsvinhjelpen har tilbode seg å hjelpe Gladys med «Bolla». Ho har fått råd om korleis ho skal ta vare på det, og vil la det overvintre i buret på badegolvet i Ørsta.

– Eg skal ta meg av det. Eg håper at det skal vere i betre form til våren, slik at eg kan sleppe det ut i det fri. Det hadde vore fint, seier ho.

Den vesle krabaten hadde ikkje klart å overleve vinteren, trur Gladys. Foto: Marius Myklebust
Gladys håper at pinnsvinet skal vere i betre form til våren, slik at ho kan sleppe det ut i naturen att. Foto: Marius Myklebust