– Det er lite framtidsretta å ville ha hovudvegar gjennom tettstadene for å utvikle handelssentra, seier Svein Sunde til papirutgåva til Møre laurdag.

Sunde er dagleg leiar i vegutviklingsselskapet Gode Vegar, og ein av dei viktigaste forkjemparane for Kvivsvegen og E39 gjennom indre Nordfjord.

Han er kritisk til Volda handelsforeining sin skepsis til å flytte E39 ut av Volda sentrum. Ifølgje Sunde viser erfaringa frå Stryn at det er lite framtidsretta med hovudvegar gjennom sentrum. Han hevdar handelsstanden i Stryn no i stor grad ønskjer å flytte riksveg 15 bort frå Tonninggata og dermed ut av sentrum.

Kommunedelplanen for Voldatunnelen, som vil flytte E39 ut av Volda sentrum, er ute til offentleg ettersyn.  Sunde meiner Voldatunnelen er det einaste rette vegen for E39 i framtida. Fleire tungtransportørar seier ifølgje han at Volda sentrum har vorte den verste flaskehalsen på E39.

Svein Sunde, dagleg leiar i Gode Vegar AS Foto: Joachim Kroken Åsebø