Det er ein ganske så omfattande tabell som blir presentert av Statistisk sentralbyrå. Ut frå sine kriterium og målingar kan byrået fremje ei fullstendig oversikt over kvar arbeidsfolk i Ørsta og Volda tener til livets brød.

Pendlartoppen

Det seier seg sjølv at dei aller fleste jobbar i sin eiga heimkommune. Det er 3.511 sysselsette frå Ørsta som som ikkje pendlar. Mens det er 1.832 på lista over pendlarar herifrå til andre kommunar.

Dei aller fleste pendlarane frå Ørsta jobbpendlar til Volda kommune, med totalt 953 personar i talet. Deretter følgjer Ulstein kommune med 182 pendlarar, mens tredjeplassen går til Ålesund kommune, kor 181 frå Ørsta pendlar til for å arbeide. Statistikken skil ikkje mellom fulltid og deltid. Alle sysselsette er med i tabellane.

I den same statistikken finn vi 1.585 personar frå Volda som pendlar ut av eigen kommune. På denne lista er det Ørsta kommune som tronar øvst, med 779 i talet. Deretter følgjer Ulstein kommune med 133 pendlarar, mens Ålesund kommune tek imot 115 arbeidarar frå Volda.

Fleire moglegheiter

Det er så mange som 84 kommunar på lista over kommunar som folk frå Ørsta pendlar til. Alt frå Nordkapp til Moss. Dette treng sjølvsagt ikkje å dreie seg om dagpendling. SSB forklarer på nettsidene sine at dei aktuelle pendlarane like gjerne kan vere vekependlarar og folk som berre har delar av arbeidet sitt i desse kommunane. Eller at ein jobbar heilt eller delvis heimanfrå i ei bedrift med adresse i ein annan kommune. Dette må sjåast som ein viss svakheit i talmaterialet, og det viser seg at pendling inn til storbyar har ein tendens til å bli overvurdert i statistikken.

Desse pendlar til oss

Det går sjølvsagt an å snu SSB-tala på hovudet, og finne ut korleis pendlarstrøymingane er motsatt veg også. Då kan vi altså sjå kvar pendlarane kjem frå, dei 1.182 som reiser inn til Ørsta kommune.

Då finn vi dei 779 frå Volda på topp. Deretter følgjer Ålesund kommune med 55 arbeidarar, og Ulstein kommune med 51 pendlarar til Ørsta.

I Volda kommune blir det teken imot 1.521 pendlarar, og forutan dei 953 frå Ørsta kjem det fleist frå Ulstein, med 76 i talet. Her er det Ålesund (48 stk) og Herøy (45) som følgjer på dei neste plassane.