– Eg starta med skating for ei lita stund sidan, og det var skateparken som gjorde at eg byrja. No kjem eg nok til å vere her og skate ganske ofte, seier Noa Sebastian Skaare Gjerseth (12) til Møre-Nytt. Han var på plass med rullebrettet sin under opninga laurdag.

Ordførar Arild Iversen stod for den offisielle opninga av siste tilskot til idrettsanlegget på Rotset i Volda.

– Dette er ein av dei største skateparkane på Vestlandet, og den største på Nordvestlandet. Planane har vore der i 25 år, men ikkje vorte gjennomført før no. Då kommunestyret fekk presentert planane til denne gjengen for eit par år sidan, likte vi det vi såg, sa Iversen.

No vil han at anlegget på Rotset i Volda - som inneheld fotballstadion, Mørehallen, dirtparken og no skateparken - bør få eit nytt namn.

– No må vi snart byrje å kalle anlegget Volda idrettspark.

Velvilje

Parken er finansiert gjennom sponsormidlar og litt tippemidlar. Reidar Haug, Åsmund Vaage og Ivar-Otto Kristiansen har vore pådrivarar for prosjektet som har kosta 2,85 millionar kroner.

– Vi har vorte møtt med ein enorm velvilje frå sponsorar og frå kommunen, og det er vi svært takksame for, seier Reidar Haug.

Treng tak

Skateparken i Volda er stor, og har rampar for både erfarne og uerfarne rullarar.

– Her kan heilt uerfarne folk kome og prøve seg, og vi kan arrangere noregsmeisterskap her. Så parken er veldig allsidig.

– Men de skulle kanskje hatt tak?

– Ja, vi ser jo det på tilhøva her i dag. Det pøsar ned. Men delar av parken er allereie førebudd for tak, så dette er berre første byggetrinn. Vi vil utvide med både tak og fleire rampar, seier Haug.