Fredag kveld fekk politiet melding om at ein båt var stolen frå Liadal i Ørsta.

Båtener ein open, ni fots Askeladden. Skroget er kvitt, men det øvste bordet er blått. Båten har ein Mercury påhengsmotor på fem hestekrefter.

- Båten låg i utfar ved eit naust på Liadal, og er stolen i løpet av den siste veka, melder operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

Politiet ønskjer tips om nokon veit noko om den stolne båten.