Sykkylven scora to mål på kort tid etter 16 og 18 spelte minutt. Det siste av måla var eit sjølvmål.

Ørsta reduserte ved Vidar Liaskar etter 28 minutt.

Første omgang var jamn og spennande. Begge laga kom til fleire sjansar, og Ørsta hadde ein trippelsjanse like etter reduseringa. Då burde dei kvitkledde ha utlikna.

Andre omgang var langt tammare, og ingen av laga kom til store sjansar. Unntaket var ein sjanse til Ørsta tre minutt før slutt, men skotet frå Terje Rebbestad gjekk over.

Dermed blir Ørsta framleis middelhavsfarar i 4.-divisjon med 23 poeng.

Det unge talentet Markus Halse i ein løpsduell. Foto: Rune Sæbønes