– Vi innførte ein ny turnus frå 15. september, og så har vi fleire nye politibetjentstillingar til søre Sunnmøre. Så no har vi fleire politifolk å sjå rundt om, seier lensmann Guttorm Hagen, driftseiningsleiar for politiet på søre Sunnmøre.

Med det nye opplegget vil det vere minst to patruljar ute på søre Sunnmøre til ei kvar tid. Ifølgje Hagen har ein allereie sett effekten av endringa:

– Torsdag hadde vi eit biltjuveri i Volda og villmannskøyring i Fosnavåg på same tid. Sidan vi hadde nok folk på jobb, kunne vi prioritere begge oppdraga samtidig. Det er ikkje sikkert det hadde vore mogleg med det gamle systemet.

– Og her ein dag fekk vi tips om promillekøyring i Ørsta grytidleg om morgonen. Då hadde vi ein patrulje ute som fekk stoppa føraren. Det hadde vi ikkje fått tid til om patruljen hadde hatt heimeteneste, som vi hadde tidlegare.

Ikkje nødvendigvis synleg

Lensmannen seier at ein viktig del av omlegginga er å at politiet skal bli meir synleg ute i samfunnet, og drive førebyggjande arbeid. Likevel blir ikkje alle patruljane så lette å få auge på.

– Vi kjem til å køyre ein god del sivile patruljar. Det er ofte ein fordel å vere sivile i mellom anna trafikkteneste og for å avsløre narkotikalovbrot. Og så er det ei kjensgjerning at mange har tenkt at det var fritt fram når dei såg politiet forlate sentrum på nattetid. No skal dei ikkje vere så trygge lenger. Sivilpatruljen kan vere igjen og passe på sjølv om den uniformerte bilen køyrer vidare.

Dei tre lensmennene på søre Sunnmøre har no fått ei tydelegare oppgåvefordeling mellom seg den siste tida: Volda og Ørsta har hovudansvar for etterforsking, Ulstein og Hareid har hovudansvar for ordensteneste og Herøy og Sande har hovudansvar for sivilsaker.

Mykje rusproblematikk

Hagen peikar på rusrelaterte lovbrot som ein av dei klaraste tendensane i området for tida.

– I sommar har det vore ein god del båttjuveri, og det er mistanke om rus i samband med dei fleste av dei. I tillegg er det stadig vekk folk som køyrer i rusa tilstand. Og då snakkar eg ikkje berre om alkohol, men også narkotika og medikament. Så det er noko vi set inn ressursar for å få stogge. Auka patruljering er eit av dei viktigaste tiltaka for å motverke slikt. Det er også heilt avgjerande at publikum varslar om ruskøyring. Det er berre å ringe, døgnet rundt. Det er vi svært takksame for, seier han.

Lensmann Guttorm Hagen.