– No har vi ein svært god beredskap på søre Sunnmøre, og frivillegheita er ein viktig del av den. Ein av dei beste ressursane vi har, er Røde Kors-hjelpekorpsa, seier lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta.

Førre laurdag arrangerte Røde Kors aktivitetsdag i Vikegata i Ørsta.

– Vi ville gi noko tilbake til alle som støttar oss, så vi stelte i stand eit arrangement, seier operativ leiar Katrin Riise i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.

Mykje folk og utstyr

– Hjelpekorpset har både mykje flinke folk som kan stille på kort varsel, og dei har ein del utstyr som vi ikkje har. Så dei er ein svært god ressurs, til dømes i leiteaksjonar.

Utstyret til hjelpekorpset gjer at dei kan gjennomføre leiteaksjonar både frå fjøresteinane og heilt opp i høgfjellet.

På dei mest ekstreme toppane er det Sunnmøre Alpine Redningsgruppe

– Det har også mellom anna eit varmesøkjande kamera, som gjer det enklare å finne folk som ligg ute i terrenget.

Røde Kors-hjelpekorpset i Ørsta er eit av dei største i fylket. Under redningsaksjonar samarbeider dei også med nabokorpsa i Volda og i ytre. Det gjer dei til ein endå sterkare ressurs.

– Og no gjer det gode vegnettet at hjelpekorpsa er i stand til å kome seg til Storfjord-regionen og til Nordfjord på kort tid. Eg meiner fylkesgrensa ikkje skal vere nokon stoppar for å yte hjelp i redningsaksjonar, seier Hagen.

Meir enn hjelpekorpset

Ørsta Røde Kors består likevel av meir enn hjelpekorpset.

– Besøkstenesta er ein flott gjeng som reiser rundt og besøker eldre og einslege, både heime og på sjukeheimen. Og så har vi ungdomsgruppa RØFF. Den er for born i ungdomsskulealder, og vi håper at mange av dei blir med i det vanlege hjelpekorpset når dei blir eldre, seier Riise.

– Det er ein del i Ørsta som ikkje har så stort nettverk og som ikkje får besøk så ofte, og då er det flott at besøkstenesta kjem og held dei med selskap, seier lensmannen.

No håper både Katrin Riise og Guttorm Hagen at fleire melder seg inn i Røde Kors.

– Rekrutteringa har gått litt opp og ned. Vi håper at fleire melder seg inn og ser at det er kjekt å drive med frivillig arbeid, seier Riise.

Eit varmesøkande kamera som kan identifisere folk på lang avstand er blant utstyret Ørsta Røde kors har. Her viser skjermen det kameraet filmar, medan sjølve kameraet står på eit stativ i bakgrunnen.
– Vi ønskte å gi noko tilbake til folk, difor arrangerte vi aktivitetsdagen, seier Katrin Riise i Ørsta Røde Kors.