Ivar Aasen-gata 10 AS har søkt om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for å gjere endringar på Nordea-bygningen.

Eksisterande bygning har i dag ein underetasje og to etasjar. Det er no planar om å endre fasaden på eksisterande etasjar og å bygge på to etasjar til, der øvste etasje er inntrekt og vil innehalde to større leilegheiter med uteareal på underliggjande etasje sitt tak. Tiltaket vil halde seg innanfor eksisterande bygning sitt bebygde areal, med unntak av kombinert heis- og trappehus tilknytt inngangsparti som vender mot vest. Fasadane vil stå fram som glasfasadar.

Kjellaretasjen vil innehalde parkering. Fyrste etasje vil innehalde treningsstudio, og andre og tredje etasje vil innehalde kontor. Fjerde etasje vil altså innehalde to store leilegheiter på ca 250 m² kvar.

Rådmannen erkjenner at bygningen grunna storleik og høgde vil dominere nærområdet, men er samd med tiltakshavarane i at dette er slik Ørsta vert i framtida.

Fem etasjar

– Ørsta kommune har under arbeid kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Planen har vore ute til fyrste gangs ettersyn. Planen opnar for at det kan byggjast inntil fem etasjar i sentrum. Planen har

og ein intensjon om å legge til rette for fleire bustader i sentrum. Planen har vare ute på høyring, og det har ikkje kome merknader mot desse prinsippa, seier rådmannen i saksutgreiinga til samfunnsutvalet.

Ho meiner at sjølv om denne planen ikkje er vedteken enno, er det sannsynleg at prinsippa om å byggje i høgde, vert vedtekne.

–Ein må derfor kunne legge til grunn at gjeldande reguleringsplan ikkje lenger gjer seg gjeldande med styrke, og at det no er naturleg å legge vekt på dei krav og føringar som vil kome i nær framtid. Den planlagde utbygginga er etter det rådmannen kan sjå i stor grad i samsvar med intensjonane i ny men ikkje stadfesta kommunedelplan, kommenterer rådmannen.