Nokre av Ørsta Fotball sine framtidshåp var på turnering i helga som var,Nøye fulgt av både foreldra, søsken, onkler og tanter og fleire sin bestefar.Kanskje var der ein agent frå ein og annan storklubb som etter talent ville sjå,og ein skal ikkje sjå vekk frå at nokre av gutane vil Old Trafford om nokre år spele på..

På laurdag var 2008 gutane på turnering og spelte mot Mork, HIL og Bergsøy,Mykje mål, gode finter og super innsats som viste at desse gutane har det gøy!Litt forvirring om innbytte, avspark og innkast er slikt som iblant kan skje,Og ei vaffle i pausa er ofte god medisin mot skrubbsår på såre kne…

Sigrar og tap og resultat blir gløymt relativt fort,Humøret er alltidt på topp etter at turen i kiosken er gjort.Når turneringa var over og gutane var slitne men fornøgde med sin fotballdag,Kom sjølvsagt spørsmålet om når dei neste gong skulle spele ilag!

På søndag hadde 2006 gutane invitert til turnering i Ørsta sin eigen Kiwi-hall,Gutane var super klare til å kjempe mot Åmdal og Volda og å spele flotte fotball!Innsatsen var stor og dei imponerte alle på sidelinja som på kampane såg,Og jubelen var stor når ballen i motstandarens mål låg!

Det skal nemnast at vi ein kandidat til århunderets mål fikk,Guten fikk kjempetreff frå midtbana, og ballen rett i krysset gikk!Faren sto med klump i halsen og mora måtte nok skjule ei tåre,Gåsehudfaktoren var stor og ingen av oss har sett ein 8 åring eit slikt mål skåre…

Turneringane viser at det i Ørsta fotballen er mange store talenter,Det ser lyst ut for framtida for Ørsta sine gutar og jenter!Ein skal ikkje sjå vekk frå at vi ein vakker dag,Vil få representantar frå Ørsta på fleire aldersbestemte landslag!

Tore og Silje Vinjevoll

(Møre-Nytt ber om orsak for at nokre av verselinjene er delt opp. Dette fordi nettavisa vår ikkje er førebudd for dikt.)

Ørsta fotball gutar 2008. Foto: privat