– Vi har spart på vatnet i over 50 år, sommar som vinter. No orkar vi ikkje meir.

Einar Sporstøl står ute i tunet heime på garden på Sporstøl. To karar frå Brustugun Brønnboring har bora seg 111 meter ned i marka hans. I grunnfjellet fann dei vatn. Mykje vatn.

– Her var det berre å køyre i gang. Det er 90 prosent sjanse for å lykkast. Det er mykje vatn her. Minimum 1.200 liter per time. 30 kubikk i døgnet, reknar Torstein Sperstad med, mens røret i bakken lagar høge surklelydar som stadfestar det han seier.

Der er vatn i store mengder, djupt der nede.

For dyrt

Det er meir enn Einar Sporstøl og kona Eli klarer å sjå føre seg. Dei har spinka og spart på vatnet i alle år. Å skulle få fullt trykk i springen og i dusjen, utan å måtte tenke på forbruket vil verte ein heilt ny kvardag.

– Vi har to døtrer, og då dei var små måtte eg i elva for å skylje kleda. Vi måtte spare på brønnvatnet. Begge er over 50 år no, så det har gått mange år med dette, seier Eli.

Den kommunale vassleidninga stoppar på Mele, lenger nede i Melsbygda. Einar Sporstøl og fleire av naboane har søkt om å få forlenga vassleidninga fleire gongar, men har til no måtte nøye seg med private brønnar.

– Vi har fått høyre at vi bur for spreitt og at vi er for få til at det vil betale seg. Det vert for dyrt for kommunen, seier Einar.

Har gått tom

Einar Sporstøl fortel at vatnet dei hentar 111 meter nedi bakken skal gå til dei sjølve og til naboen.

– Hennar brønn har gått tom no. Det er ein heilt fortvilt situasjon. Vi håper å få den nye løysinga raskt på plass.

Pengane hentar dei frå eiga lomme. Rundt 100.000 kroner vil det koste dei. Men no har dei fått nok, så det får koste det det kostar. Også ein tredje nabogard, med tre bustadhus, skal nytte seg av brønnborarane når dei først er i bygda. Dermed vil til saman fem bustadhus få ein ny kvardag med nok vatn.

Ingen planar

Grunneigarar i Melsbygda har ved fleire tidlegare høve sendt brev til kommunen og spurt om kva tid dei kan få knyte seg til den kommunale vassleidninga på Mele. Kommunen har sagt at det kan ta tid.

Avdelingsleiar kommunalteknikk, Ulf Kristian Rognstad seier at vassverket ikkje har planar om å bygge kommunal vassleidning frå Mele og vidare på noverande tidspunkt, mellom anna grunngjeve med at der er få abonnentar.

– Når det gjeld strakstiltak er alle investeringar på vatn for 2014 vekke frå budsjett etter vedtak i kommunestyret i desember 2013. I tillegg er næringsområdet Melsgjerdet utsett. I sum er det då ikkje sannsynleg at vassverket vil ta initiativ til ny vassleidning i nær framtid, er svaret Rognstad har gitt til grunneigarane.

Han helsar det private initiativet velkomen.

– Kommunen er positiv til alle initiativ som sikrar god vassforsyning.

Eli og Einar Sporstøl er glade for at dei valde å ta saka i eigne hender.

– Det er faktisk slik at det er verre å miste vatnet enn å miste straumen, så dette skal verte kjempegodt å få på plass.