Grafill er Noregs største profesjonelle interesseorganisasjon for alle som arbeider eller utdannar seg innan visuell kommunikasjon. Organisasjonen samlar rundt 1.300 fagfolk og studentar innan områda grafisk design, illustrasjon, animasjonsdesign, teikneserieskaping og interaktiv design, og består av seks faggrupper og ti lokallag som saman og kvar for seg arrangerer foredrag, utstillingar og konkurransar. Siste tilskot på stammen er det nystarta lokallaget for Møre og Romsdal.

For lokallaget er arbeidsoppgåvene delt inn i fire. Dei skal vere ein viktig  møtestad og nettverk for medlemmane lokalt, gje inspirasjon gjennom faglege og sosiale arrangement lokalt, vere foreininga sitt kontaktledd i lokale spørsmål av fagleg art og marknadsføre lokale arrangement gjennom media. Styret i lokallaget er leiar Anna Tokle Amundsen, nestleiar Line Skjolde, kasserar Oda Opheim Vinge, styremedlem Synnøve Hungnes, styremedlem Katrine Øvstegår og styremedlem Fredrik Astrup Bakke.

To store prosjekt

Martin Biehl, dagleg leiar i Grafill, deltok å stiftingsmøtet. Han meiner det er viktig å vise omverda kva den kreative bransjen er, kva ein designer gjer og brukast til.

– Det er ikkje så mange som jobbar i store byrå blant våre medlemmer, så mange har behov for å treffe kvarandre og snake om bransjen. Vår foreining er en foreining kor folk treffast til intense møter og møta kan vare veldig lenge. Medlemmene liker dette, og det å skaffe nettverk er viktig, presiserer Biehl.

Grafill har to store prosjekt i året. Det er konkurransen Visuelt, og det andre er kåringa av årets vakraste bøker.

– Visuelt er årets høgdepunkt for designarar i Norge, der vi også får tilbakemeldingar av internasjonale designarar. Det er om lag 500 bransjefolk som kjem og nyskapning og nytenking er midtpunktet. I tillegg deler Grafill ut totalt 3,5 milliardar kroner årleg til forskjellige prosjekt der alle medlemmer kan søke.