Fortviling vart snudd til glede for Cathrine Nystøyl Holte onsdag. Fyrst oppdaga ho at bilen hadde vorte stolen frå parkeringsplassen utanfor Spinneriet i Volda. Nokre timar etterpå fekk  ho telefon frå politiet. Bilen vart stoppa på veg til Ålesund.

Det var i 18-tida at Cathrine oppdaga at bilen var vekke. Ho arbeider på Spinneriet, og oppdaga at bilen hennar var vekk. Ho ringde fyrst sjefen sin for å få avklart om ho kunne ha lånt bilen, men det hadde ho ikkje. Ho melde straks bilen stolen til politiet, og gjekk sjølv ut på Facebook med etterlysing av bilen, ein Nissan Micra.

- Det var ei oppleving. Eg måtte sjekke fire-fem gonger at bilen ikkje stod der, sjølv om eg heile tidas forstod at han var vekk, fortel Cathrine.

Politiet kom med fire betjentar etter at dei hadde avslutta ei anna sak, og starta straks etterforskinga. Bilen vart spora til Ålesund, og Cathrine fekk meldinga om at han var funnen. Då stod ho utanfor Spinneriet, og hadde ei politijakke rundt seg for å halde varmen.

- Eg vart letta, men visste ikkje om eg skulle le eller grine. Det var uhyggjeleg å oppleve, seier Cathrine.

Sunnmøre Politidstrikt opplyser at bilen vart stoppa av ein politpatrulje på Moa om lag kl. 19.10. Patruljen stoppa bilen basert på ein vitneobservasjon.

Føraren av bilen vart teken med til legevakt då han stod fram som rusa. Han vart der etter teken til arresten. Der hamna også passasjeren han hadde med seg. Også han verka rusa.