Onsdag samla fylkesmannen representantar frå alle kommunane i fylket i Molde.

– Dette var fylkesmannen sitt startskot for samanslåingsprosessen. Ørsta og Volda har allereie hatt samling med kommunalministeren i Ivar Aasen-tunet og reforma var oppe til debatt i Ørsta kommunestyre ved førre møte, seier varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) i Ørsta.

Han møtte for Ørsta, sidan ordførar Rune Hovde har ferie. Ifølgje Hovden kom det ikkje mykje nytt ut av møtet.

– Nei, og personleg saknar eg ei klargjering frå departementet av kva dei ser føre seg. Kva slags kommunar skal vi ha? Kva oppgåver skal dei ha? Der kom ikkje fylkesmannen eller departementet med noko nytt denne gongen.

– Men fleire av innlegga var interessante. Mats Sandmann tok oss blant anna gjennom historia i inndelinga av Noreg sidan vikingtida.