- Klasse AM er ei køyretøyklasse som i særs begrensa grad greier å passe inn i det moderne, norske trafikkbiletet. Klassa har store vanskar med å fylgje §3 i vegtrafikkloven (Lov om vegtrafikk, LOV-1965-06-18-4), som seier: «Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.» Spørsmålet er om hindringa av trafikken er unødig, heiter det i eit framlegg frå Ungdomsrådet i Ørsta til Ungdommes fylkesting.

Klasse AM er ei internasjonal køyretøyklasse som gjeld alle typar moped, og den viktigaste karakteristisikken av denne klassa er ei maksfart på 45km/t og at du kan ta førarbevis når du er 16 år. Ungdomsrådet i Ørsta meiner at køyretøyklassa ikkje lenger passar inn og at det er mange som modifiserer køyretøy slik at dei ikkje lenger går inn under kriteria.

- Mange vel å ulovleg modifisere køyretøyet (brot med §13 i vegtrafikklova). Det er i mange tilfelle ein enkel modifikasjon å auke maksfarta på køyretøyet til det ulovlege. Dette gjer at køyretøyet ikkje lenger fyller krava for klasse AM, men helder  A1 eller T (nokre tilfelle av AM147; tre- eller firehjulsmoped). Ulovleg modifisering av denne klassa gjer at folk køyrer farlege køyretøy, og førarane uten manglande opplæring  utgjer ei fare for seg sjølve og andre medtrafikantar. Ulovleg modifiserte AM-køyretøy er i dag ofte A1-køyretøy i praksis; ingen begrensing på maksfart, men med ei begrensing i slagvolum på 125cm m.m.

I forslaget til vedtak meiner Ungdomsrådet at det ikkje burde vere mogleg å registrere eit køyretøy som klasse AM, eller nokon av underklassene, men heller ei anna klasse. At andre køyretøyklasser, deriblant A1 og T, utvidast slik at dei kan innbefatte køyretøy som i dag er registrerte som AM, eller ei av underklassene. At alle førarbevis med klasse AM annulerast, og at ein må arbeide med å gjere førarkort i klasse A1 og T meir tilgjengelege.