– Det er gledeleg at kommunestyret er meir positive til samanslåing enn sist, seier Fredric Holen Bjørdal.

Stortingsrepresentanten følgjer med på reformprosessen i Ørsta og Volda. Sjølv om det framleis er skepsis i kommunestyret, synest han det verkar som stemninga iallfall ikkje er like negativ som førre gong.

Det vart gjort framstøytar for å slå saman Ørsta og Volda i 2011. Konsekvensane av ei samanslåing vart greia ut i ein rapport. Likevel sa eit stort fleirtal i Ørsta kommunestyre nei til å arbeide vidare med samanslåinga i juni 2011.

– Det kan hende tanken på å slå seg saman med Volda har modna på politikarane. Eller så er det presset frå regjeringa som har ført til haldningsendringa, seier Bjørdal.

– Startar i feil ende

Kommunesamanslåing har vore eit heitt tema i Volda og Ørsta dei to siste vekene. Kommunalminister Jan Tore Sanner har vore på besøk, og reforma har vore oppe til debatt i Ørsta kommunestyre.

Bjørdal har lenge vore tilhengjar av samanslåing av Ørsta og Volda, men han meiner Regjeringa har starta i feil ende i reformprosessen.

– Dei har starta med å seie mykje om kor store kommunane bør vere. Kor store kommunane bør vere, er jo heilt avhengig av kva oppgåver kommunane skal ha, seier Bjørdal.

Han meiner dette vil avgjere om det er nok å slå saman Ørsta og Volda, eller om fleire kommunar også må med.

– Om kommunen til dømes skal drive dei vidaregåande skulane, er ikkje Volda og Ørsta nok. . Om oppgåvene blir meir avgrensa, kan Volda og Ørsta vere nok.

Demokratisk

Eit fleirtal i Ørsta kommunestyre ønskjer folkerøysting om samanslåing. Bjørdal meiner det er viktig at samanslåinga er demokratisk basert.

– Ei folkerøysting er i utgangspunktet ein god ting, men ein kan ende opp i ein vanskeleg situasjon om folket seier nei, og Regjeringa endar opp med å tvinge fram ei samanslåing. Ei samanslåing må ha eit demokratisk grunnlag, men kommunestyra er jo folkevalde og skal representere folket. Eit vedtak i dei er kanskje nok.