– Furene er ein av plasseringane vi vurderer. I denne runden valde vil likevel å prioritere stader med større kundemassar, seier Biltema-sjef Knut Svenningsen til Møre-Nytt.

Tysdag annonserte den svenske varehusgiganten at dei opnar 10 nye varehus i Noreg i 2015. Voss og Orkanger er mellom stadene som får nye varehus, men Volda og Ørsta må altså vente.

Store varehus

I dag har Biltema to butikkar på Sunnmøre: Ålesund (Breivika) og Ulsteinvik. I tillegg har kjeda eit stort varehus i Førde.

– Butikken i Ulsteinvik går svært godt, og vi ser at det hadde vore grunnlag for eit større varehus der, seier Svenningsen.

Det er likevel ikkje aktuelt med ein butikk som den i Ulsteinvik i Ørsta eller Volda.

– Nei, tidlegare hadde vi ein policy om å etablere mindre varehus for å få på plass butikkane raskare. Men no har vi så mange varer, at det har vi gått vekk frå. No vil vi ha butikkar på minimum 2.000 kvadratmeter, og helst 3.000 kvadratmeter. Om vi skal etablere oss i Furene eller ein annan stad, blir det med ein stor butikk.

Vanskeleg å få løyve

For tida er kommunedelplanen for Furene ute til offentleg ettersyn for andre gong. Fylkeskommunen har sett ned foten for meir detaljhandel i området tidlegare, og gjer det igjen i denne runden.

– Våre butikkar er i grenselandet mellom detaljhandel og det som heiter arealkrevjande handel. Men vi har fått til gode løysingar med andre kommunar her. Om kommunen ønskjer å få oss til kommunen, finn vi som regel ei løysing på slike problem, seier Biltema-sjefen.

Han meiner slike forbod mot detaljhandel kjem frå ei gammaldags tenking.

– Det kjem nok frå eit ønskje om å bevare bysentra. Men alle forstår at butikkar som Biltema ikkje kan etablere seg inne i eit sentrum. Det er det ikkje plass til.

Biltema-sjefen seier det tidlegast kan bli aktuelt med butikk i Furene i neste utvidingsrunde i 2016.

Alle forstår at butikkar som Biltema ikkje kan etablere seg i eit sentrum