«Nåken som er interessert i billi vintersbil/pendlebil?»

«Vurdere å selle sofaborde mitt …»

Slik er Facebook-språket til ungdomen.

Språkforskar og tidlegare NRK-journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn frå Volda har forska på bruk av dialekt på sosiale medium. Resultata hennar viser at 75 prosent av avgangselevane frå vidaregåande skular på Vestlandet nyttar dialekt når dei skal uttrykke seg på sosiale medium.

Ifølgje Rotevatn tyder mykje på at ungdomane er meir fleirspråklege enn før, og har stor evne til å veksle mellom språkformer.

– Mange brukar dialekt på Facebook og Snapchat, eit enklare og meir forkorta språk på SMS, gjerne engelsk i ein blogg, og normert bokmål eller nynorsk på skulen. Å skrive dialekt på Facebook er eit medvite val; og ikkje fordi dei er dårlege i norsk, seier Rotevatn til nettstaden til Forskingsdagane.

Ho meiner det er behov for meir forsking på kva sosiale medium gjer med språket.

– Eg har undra meg i fleire år over framvekst og bruk av Facebook. Det er lite forsking på feltet, men mange meiner mykje. Nokre språkforskarar er bekymra over skriftkunna, og kva som skjer med dei svake elevane spesielt. Andre snakkar om at ungdom blir meir medvitne på bruk av dialekt og slik øver opp sitt eige språkøyre.

Under Forskingsdagane i Volda held Rotevatn føredrag om forskingsresultata sine.