Bonussommaren vi har hatt på Sunnmøre i det siste, ser ut til å gå mot slutten.

Men vi har enno to dagar med lite vind, temperaturar over 15 grader og ingen nedbør. Både torsdag og fredag vil dagtemperaturen ligge rundt 15 grader i Ørsta, ifølgje vêrvarselet.

Laurdag slår det om. Då dreiar vinden på sørvest, med kuling på kysten. Vi får regn, særleg på laurdag, og temperaturane går ned. I høgfjellet kjem nedbøren som snø.

Det ser ut til å bli mindre regn over helga, men dei høge temperaturane frå denne veka kjem ikkje tilbake. Dag-temperaturen ser ut til å ligge på eit meir normalt nivå, mellom 10 og 12 grader i Ørsta.