For kvar tusenlapp både Ørsta og  Volda kommuner bruker, så går 25 kroner til kulturformål. I forhold til gjennomsnittet i Kommune-Noreg, så bruker Ørsta og Volda ein del mindre til kultursektoren.

Så mykje bruker vi

Tala i denne saka er henta frå Kostra, som kommunane sjølv rapporterer inn til. Her kjem det fram at Ørsta kommune hadde 12.970.000 kroner i netto driftsutgifter til kulturformål i kommunen i fjor. Det vil seie utgifter som gjenstod etter at eventuelle inntekter er trekte frå.

Innanfor kultur er det mange forskjellige formål, og ein av dei største postane er idrett og kommunale idrettsanlegg. Men også bibliotek, kino, museum og aktivitetstilbod til barn og unge skal ha sitt. Og sjølvsagt kommunale kulturbygg, samt kultur- og musikkskular.

I Volda kommune blei det brukt 11.518.000 millionar kroner til dette i fjor.

Kulturen sitt kakestykke

Dette betyr altså at 2,5 prosent av dei totale nettoutgifter i både Ørsta og Volda blir brukt på kultur. I følgje eit estimat Statistisk sentralbyrå har offentleggjort, så gjekk 3,7 prosent av norske kommuner sine netto utgifter til kultursektoren, og vi kan dermed slå fast at Ørsta og Volda sin del er ein del mindre enn vanleg.

Største kulturelle ”kakestykke” i Møre og Romsdal er det Sunndal og Surnadal som sørgjer for. Her går 5,4 prosent til kultur. Dårlegast ut kjem Midsund, kor det berre blir brukt 1,9 prosent til kultur. Volda og Ørsta er nummer 333 på landsoversikta.

Store ulikskapar

- Kulturutgreiinga 2014 påpeiker at det er store variasjonane i den lokale og regionale kulturforvaltninga. Kommunane si samla utgifter til kulturformål har likevel auka rikeleg gjennom 2000-talet. Idrett står for ein stor del av auken, mens kulturverksemder som folkebibliotek og kulturskular ofte blir salderingspostar, seier rådsleiar Yngve Slettholm i Norsk Kulturråd.

I heile Noreg er det Bykle kommune i Aust-Agder som toppar lista. Her blir heile 16,3 prosent av utgiftene brukt på kultur. Eidfjord i Hordaland er nummer to med 14 prosent.

Utvikling siste fire år

Det er berre eitt år til kommunevalet, og vi har sett nærmare på korleis dette ”kultur-kakestykket” har endra seg i storleik i løpet av dei fire siste åra. I heile landet ser vi at ein stadig mindre del av utgiftene går til kulturformål. Estimert for alle kommunar har delen gått ned 0,7 prosentpoeng frå 2009 til 2013. Frå 4,4 til 3,7 prosent.

- Dersom denne utviklinga fortset, er det urovekkjande. Dersom kultur ikkje når opp i kommunane sine prioriteringar, er det all grunn til å rope ein varsko på vegne av den kulturelle grunnmuren i landet, understrekar Slettholm.

Negativ utvikling i Volda

I Volda kommune har det og blitt ein mindre del til kultur i løpet av denne perioden. I løpet av desse fire åra har delen gått ned 0,8 prosentpoeng, frå 3,3 prosent i 2009 til 2,5 prosent i fjor.

I Ørsta kommune har delen gått ned med 0,3 prosentpoeng, frå 2,8 til 2,5 prosent.

- Eg håper at kultur blir eit tema i kommunevalkampen neste år. At folkebiblioteka, kulturskulane og lokale kulturaktivitetar blir lyfta fram som viktige og nødvendige for kommunane, seier Slettholm.

- Dessverre er det lite drahjelp å hente i rikspolitikken, tilføyer Slettholm.

Rådsleiar Yngve Slettholm i Norsk Kulturråd håper kultursatsing blir eit tema i neste års kommuneval. (Pressefoto)