Den lokale stortingsrepresentanten er nemleg ein av få som er valt ut til å representere Noreg i FNs generalforsamling.

– Noregs delegasjon er sett saman av representantar frå Stortinget, Regjeringa og diplomatiet. Eg søkte om å få vere ein av Arbeidarpartiet sine utsendingar. Det fekk eg, og eg blir litt overvelda av å tenke på at ein enkel gut frå Ørsta skal representere Noreg i FN, seier Bjørdal til Møre-Nytt.

– Kvifor ønskte du å vere med på dette?

– Eg gjer det for å lære. Eg ønskjer å få meir kunnskap om utanrikspolitikk og internasjonale tilhøve. Korleis verda heng saman, rett og slett.

Stressa

Denne veka er Bjørdal heime i Ørsta og ladar opp før turen går over Atlanteren laurdag.

– Eg har ikkje fått noko oversikt over sakene som skal opp endå, så eg merkar at eg byrjar å bli litt stressa. Men det skal nok gå greitt, smiler den unge Ap-politikaren.

Generalforsamlinga varer i to månader, og delegatane reiser over i to puljer. Fredric er i den første pulja, som blir i New York i første halvdel av det årlege toppmøtet.

– Eg er glad for at eg er med i første runde. Det er den første veka stats- og regjeringssjefane er der, og det er då det er mest om generalforsamlinga. Det blir nok ei oppleving.

Arbeidspolitikk

– Har du ein ambisjon om å få større «pondus» innanfor utanrikspolitikken, og kanskje kome inn i utanrikskomiteen?

– Nei, eg er veldig nøgd med å vere i Arbeids- og Sosialkomiteen, og har ikkje noko store ambisjonar om å bli utanrikspolitikar. Men så er det slik at alt blir meir internasjonalt, også arbeids- og sosialpolitikken. Eg er mellom anna involvert dei arbeidspolitiske forhandlingane mellom Noreg, EFTA og EØS. Der prøver vi mellom anna å få det til slik at Noreg framleis kan styre kva tiltak vi set inn mot sosial dumping. Og FN har også sin eigen arbeidspolitiske organisasjon: ILO (International Labour Organization).

– Blir det tid til å oppleve noko av New York då?

– Hehe, det blir iallfall tid til å oppleve mange møterom i FN-hovudkvarteret, seier Bjørdal.

Her, ved FNs hovudkvarter på Manhattan i New York, skal Fredric Holen Bjørdal opphalde seg den neste månaden. Foto: Neptuul/Wikimedia Commons