For fjerde året på rad la Redningsselskapet turen innom Ørsta med førebyggjande seglas. I samarbeid med politi, brannvern og ambulanse vore innom åtte hamner i Møre og Romsdal frå slutten av august, og Ørsta var siste stoppestad for årets seglas. Aktivitetsdagen er for 6.-klassingane, men og 7.-klassingane ved Velle skule fekk tilbod om å vere med i år sidan dei ikkje var med i fjor.

– Her får dei møte blålysetatane, og normalt så har vi med oss politi, ambulanse og brannvesen, i tillegg til redningsskøyta. Desse samarbeider på ein flott måte, og vi viser elevane samarbeidet og elevane får høyre om alt desse etatane driv på med. Vi har og knutebenk og livlinekasting, og vi går og gjennom kva som er rett utstyr å ha med seg når dei skal på båttur, seier distriktsansvarleg Bertil Holen i Redningsselskapet Møre og Romsdal.

Gjennom aktivitetsdagen får elevane forklart korleis dei ulike etatane arbeider, og får m.a. sett korleis Ørsta brann og redning sløkker ein brann. Dei fekk og omvising på redningsskøyta Emmy Dyvi. Ifølgje Holen har elevane også eit godt kunnskapsnivå når gjeld trygg ferdsel på sjøen.

– Elevane er generelt flinke, og dei kan veldig mykje. Nokre kan meir enn andre, men på ein slik dag så lærer alle og det er ein lærerik dag.

– Kvifor har de valt å starte med ein slik aktivitetsdag?

– Dette er noko som Redningsselskapet arrangerer på landsbasis. Vi har hatt det i Troms, Finnmark, Nordland og Trøndelag. Hordaland starta opp denne veka, og Sørlandet har det på våren. Det er ein dag som vert arrangert langs heile kysten. Eit av hovudmåla til Redningsselskapet er førebyggjande arbeid, og det er akkurat det ein slik dag som dette er, seier Holen.