– Vi har trekt gulloddet med Hurtigruta. Det er mange som misunner oss dette.

Alise Ramstad er på plass på Kaihuset på Urke som vaffelsteikar på dugnad. Ho bur eigentleg i Molde, men er oppvaksen på Urke, og er ofte heime på hytta saman med mannen.

– Det er eit eventyr, seier ho.

Kjem heim

Utanfor har fleire av dei lokale samla seg for ein kopp kaffi og for å helse hurtigruta Trollfjord velkomen.

– Det er jo fantastisk for oss å få vise fram Urke og naturen rundt oss i dette vêret. Her er ganske stilt og roleg elles, og det er kjekt at det skjer noko. Og så er det mange utflytta som kjem heim for å hjelpe til. Så hurtigruta er positivt for bygda, seier Ruth Torvik.

Les meir i Møre-Nytt tysdag.