– Når ny trasé for E39 er bygd gjennom fjellet til Volda, vil trafikken i det aktuelle området gå vesentleg ned, og det vil truleg ikkje vere behov for denne rundkøyringa.

Det skriv Fylkesmannen i Møre og Romsdal i fråsegna si til kommunedelplanen for ny E39 mellom Volda og Furene (Voldatunnelen). Den er for tida ute til offentleg ettersyn for andre gong.

Fylkesmannen er imot bygging av Torvmyrvegen (som går forbi flyplassen) , fordi den kan påverke hjortetrekket negativt. I planen som er lagt fram, er det teikna inn ei rundkøyring ved Furene. Fylkesmannen fryktar at det skal kome krav å kople denne rundkøyringa på Torvmyrvegen i framtida, og vil difor ha heile rundkøyringa fjerna.

Forslaget frå flyplassgruppa om å bygge ny rundkøyring for Torvmyrvegen på Ørsta-sida av kommunegrensa, er ikkje drøfta i uttalen til fylkesmannen.

– For stort sentrum

Han er i utgangspunktet positiv til bygging av ny E39 mellom Furene i Volda, men peikar på fleire andre ting han meiner er problematisk i planane som er lagde fram.

I planen er det teikna inn eit område for forretningsbygg ovanfor rundkøyringa ved Volda sjukehus. Ifølgje planen ligg dette innanfor sentrumsområdet i Volda, og forbodet mot detaljhandel gjeld difor ikkje. Fylkesmannen meiner dette ligg utanfor det ein naturleg kan tolke som Volda sentrum, og fremjar motsegn mot denne delen av planen.

Han meiner også, på same måte som fylkeskommunen, at det ikkje må bli opna for meir detaljhandel (kjøpesenter) i Furene i planen.

– Mangelfullt jordvern

Ifølgje fylkesmannen medfører planframlegget eit tap på nærare 40 dekar dyrkbar, matproduserande jord. Han meiner Heltneelva utgjer ei naturleg jordverngrense, og ønskjer ikkje å tillate utbygging aust for vatnet. Også her blir det fremja motsegn.

Fylkesmannen meiner også det ikkje er avklara godt nok kor vidt planane vil kome i konflikt med høgderestriksjonane rundt innflyginga til flyplassen.