Det seier Lars Johan Sæbønes. Laurdag henta han og hjelparar 45 sauer frå Maradalen på austsida av Hjørundfjorden. For å få sauene over fjorden til Sæbøneset, nytta han M/S Hjørundfjord.

Skyssbåten M/S Hjørundfjord er no inne i si mest travle tid. Kvar dag i to månader er båten tenderbåt for hurtigruta på Urke.

Laurdag var det passasjerar frå M/S Richard With som vart frakta til og frå land, og etter at dei siste passasjerane var frakta om bord, var det ein kjapp tur til Sæbø for å klargjere båten til sauetransport.

Maradalen

I nitten-tida, då det gjekk mot fjøre sjø, var forholda perferkte, og sauene kunne hentast i Maradalen. Då hadde Lars Johan Sæbønes, sønene Jan Tore og Stian og Frode Holen tidlegare på dag fått sauene ned til sjøen og i ei innhegning.  Det er stupbratt ned i sjøen, og når floda er på rette stillet, kan skyssbåten gå heilt inn til land, og greitt få sauene om bord.

Med alle om bord gjekk turen over fjorden og til Sæbøneset, og landgang på ein molo. Ein etter ein hoppa sauene på land, og var heime. Eit lam var rett nok uheldig, og ramla i sjøen, men det vart effektivt berga.

Takksam for samfunnsbåten

- Dette gjekk veldig greitt og raskt. Skulle eg ha brukt eigen båt, ville det minst ha vore fem turar, og mykje tid ville ha gått med. Eg er glad vi har ein samfunnsbåt som M/S Hjørundfjord, seier Sæbønes.

Og då alle hadde kome på land, returnerte M/S Hjørundfjord til Sæbø. Då hadde dekksgut Olai Riise eitt oppdrag: Å få spylt båten rein til nytt oppdrag for hurtigruta søndag.

Sjå video under: