Mot Framstegspartiet sine røyster sa kommunestyret torsdag ja til å ta i mot inntil seks fleire flyktningar per år dei nærmaste åra. Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som har bedt kommunane om å ta i mot fleire flyktningar, spesielt ut ifrå situasjonen i Syria.

Det vil seie at Ørsta kommune skal kunne ta i mot inntil 21 flyktningar årleg, og i tillegg kjem familieattforeiningar.

Hans Olav Myklebust (Frp) signaliserte Frp sitt syn.

– Vi kan ikkje sjå at vi er så mykje betre i stand til å ta i mot fleire enn dei femten vi har gjort vedtak om. Det seier vi ut ifrå bustadsituasjonen, sa Myklebust.

Partikollega Odd Magne Vinjevoll følgde opp:

– Vi vedtok i fjor at vi skal ta i mot femten, og i tillegg kjem attforeining. I år har vi teke i mot tretten, og det er per dato to bustader tilgjengeleg. Det vil seie at vi er dimensjonert for akkurat det talet på mottak vi har dag, sa Vinjevoll. Flyktningar ressurs, men berre når vi investerer i oppfølging. Då må det vere tenester.

Sven Castberg (H) synest det var ei vanskeleg sak.

– På den eine sida veit vi at vi ikkje har nok gode bustader. På den andre sida er det rart å høyre på Frp. Når det gjeld eldre, er det berre å skuffe ut pengar. Men når det gjeld flyktningar som har budd i leirar i mange år, vert det med eitt vanskeleg. Eg støttar meg til administrasjonen når det vert skrive at vi kan greie inntil seks ekstra, sa Castberg.

Stina Aasen Lødemel frå SV meinte at eit mottak på seks ekstra flyktningar var smålåte, og foreslo femten ekstra. Det forslaget fekk berre hennar røyst.

Hermod Halse frå Ap støtta tilrådinga, og insisterte dessutan på at kommunestyret må gjere meir for å få til integrering.

– Kvar gong vi har flyktningdebatt vert dei sett på som klientar. Gjer vi det, vert dei klientar. Vi må tore å late flyktningane vere ein ressurs. Som ein del av integreringa, kan vi t.d. få flyktningar til å lage maten til oss på kommunestyremøta. VCi har ball til julemøtet, men vi har ti andre møte der vi kunne ha invitert dei. Det ville ha vore arbeidstrening, oppleving av meistring, kjensla av å verte sett, språkopplæring, og nettverksbygging, sa Halse.