Tysdag denne veka heldt Forskarforbundet medlemsmøte. Styrevedtaket frå Høgskulen i Volda om byggje vidare på Mørealliansen og formalisere samarbeidet vidare vart diskutert, og mot slutten av møtet var det gjort ei avstemming blant dei tretti medlemmene som møtte opp.

– Vi ynskjer at Høgskulen i Volda skal halde fram som ein sjølvstendig høgskule i samarbeid med andre høgskular. Den faglege kvaliteten som vi gir ved Høgskulen i Volda må stå i sentrum. Vi ser ikkje nokon grunn til å slå saman Volda med høgskulane i Ålesund og Molde, og det vil ikkje styrke faga som vi har i Volda. Vi vil ha samarbeid med andre høgskular på basis av å styrke faga som vi har, og det er allereie fleire samarbeid med m.a. Sogndal og Bergen som har fokus på faga. Førelesarar frå Volda føreles i Sogndal og Bergen, og det fungerer også andre vegen. Vi vil ha eit best mogleg tilbod i Volda, og er ueinig med styrevedtaket som er gjort. Dette er ei melding som vi vil ta med oss til møtet med kunnskapsdepartementet i Molde onsdag, seier leiar Erling Sivertsen.