– Eg fekk trøbbel med gira etter 14 km Det hadde nok samanheng med at eg hadde øydelagt ramma på sykkelen. Det var kanskje like greitt at eg ikkje oppdaga det der og då. For då hadde eg nok hoppa av sykkelen og brote. Med tanke på tryggleiken hadde nok det vore mest fornuftig. Men eg trudde det var tunge bein som førte til at det ikkje gjekk så fort som eg ønska. Eg hadde ikkje i tankane at sykkelramma kunne vere øydelagt.

Klokkene hadde ikkje gått i meir enn 3 timer og 6 minutt då Sira var ferdig med dei knappe ti mila mellom Rena og Lillehammer. Han forbetra sin personlege rekord med to minutt og hadde grunn til å vere nøgd. 48-åringen hadde kjensla av at han hadde meir inne då Birken-start nummer åtte var unnagjort. Før start var målsetninga å kome så langt ned mot tre timer som muleg. Sira ser no at totimarstalet er innan rekkjevidd i verdas største og mest populære terrengsykkelritt.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Men med heil sykkel og tilsvarande forhold som i år bør det vere muleg å kome monaleg nærmare enn det eg var i år. Dei siste åra har det ofte vore vanskelege forhold. Eg har hatt min dose med regn og vind etter at eg vart en del av startfeltet i Birkebeinerrittet.

– Kor mykje trening ligg det bak prestasjonane dine?

– Eg trenar ifølgje ho eg bur saman med alt for mykje. Eg liker å halde meg i aktivitet og er ofte ute fire-fem dagar i veka. Eit tosifra tal på ritt vert det gjerne før sesongen er omme. For mitt vedkommande vert det både terreng og landeveg ettersom eg har sansen for begge delane. Det kan hende eg avsluttar sesongen med Alperittet. I motsett fall legg eg inn eitt eller to ritt til dersom det passer seg.

Det å få starte saman med over 20.000 andre syklistar er ein medverkande årsak til at Sira bruker så mykje energi på rittet som han gjer. Pluss at det er ein bra gjeng frå den lokale sykkelklubben som reiser saman.